Totalt antall sidevisninger

onsdag 18. januar 2017

Harry Potter - Guten som overlevde



Hei! Dette innlegget vil vere ei bokomtale i dag. Eg meiner at alle menneske burde lese ei bok iblant, for det er så viktig. Ein lærer mange nye ord og vert kunnskapsrik. Det er òg ein veldig fin hobby for når du har litt meir tid til overs.

 I dag les ikkje mange tenåringar bøker. Nokon bruker eit halvt år på å lese ei bok, fordi dei ikkje finn lesing noko spennande. Difor er bokomtalar med gode bøker veldig viktige. Viss du aldri har lese ei bok før, eller berre vil ha noko spennande å halde på med, kan du vel prøve å lese «Harry Potter og dei visast stein».


Kva handlar ho om?


Harry Potter er ein foreldrelaus, svart- håra gut med eit sikksakkarr. Han har aldri sett ein snakkande hatt, kan ikkje trylle, og har aldri floge på ei sopelime før. Han bur under kottet på trappa til den fæle onkelen og tanta si.. Sonen deira, Dudleif er like fæl mot han.

Onkel Wiktor kom ut på kjøkkenet mens Harry snudde baconet.
«Gre håret!» bjeffet han. Det var hans form for god morgon.


Ein dag får Harry eit brev frå ein magisk trolldoms-skule på 11- års bursdagen sin, og får lære at han er ein trollmann. (Gisp!) Han begynner på denne trolldomsskulen. (Korleis klarte han i det heile tatt å  dra frå tanta og onkelen sin, utan at dei forbaud det?) Han opplever mykje gøy, men også sjokkerande ting  på skulen, og klarer nesten ikkje å tru at det ikkje berre er ein draum, men ein røyndom. Harry får også nokre gode vennar, blant anna Hermine Grang og Ronny Wiltersen.

Bilderesultat for harry potter castle
Skulen er bygd slik at det er eit slott, noko eg tykkjer er utruleg unikt og kult fordi eit vanleg bygg ikkje ville vere like spennande.
  • Stemninga på skulen er ofte mørk, mystisk, magisk eller spennande.
  • Det som driv historia framover, er dei gode og dårlege hendingane som skjer med Harry
  • Temaet er det gode mot det vonde.
  •  Harry vil møte eit vondt vesen som drap foreldra hans.
  • Det er to parallelle verder i boka,
     den magiske med skulen i, og den normale med vanlege menneske utan evne til å trylle. (Også kalla gomper).
  • Det er ein fantasy roman som består av 281 sider (Berre 17 kapittel, perfekt!)
FORFATTAREN:
Ho heiter J. K. Rowling og er 51 år gammal. Ideen til å skriv Harry Potter serien fikk ho da ho var på ein togreise frå Manchester til London i 1990.

Bilderesultat for harry potter smiling
Eg er veldig glad i dei magiske elementa (snakkande hatt, tryllestavar, trapper som bevegar på seg og spøkjelsa!) fordi dei gjer forteljinga mykje betre. Det er òg gode skildringar slik at ein får eit godt bilete av omgivnadene i hovudet. Nokre netter nekta eg til og med å sove, fordi eg ville lese meir! Det er ein spennande og magisk bok som eg rår til for alle aldrar, fordi ho er ikkje barnsleg eller vanskeleg å forstå. Ho oppmuntra meg til å lese fleire av bøkene i serien. Det blir meir og meir spennande når du les vidare i dei andre bøkene. Eg håper han får deg til å lese meir.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar