Totalt antall sidevisninger

fredag 19. september 2014

fange 59. Taterpige

Maria hamnar på tukthuset og får livet snudd på hovudet. Lengten etter familien og livet på landevegen blir snart erstatta med behovet for å tilpasse seg miljøet på innsida av murane. Fangefellesskapet er også ein kvardag, og det skal vise seg at vennskap kan oppstå på dei mest ugjestmilde stader. Likevel er taanken på flukt aldri langt unna. For kanskje finst det ein veg ut? Til familien og følgjet, og til guten som Maria har forelska seg i

Ingen må vite av Aina Basso

Ein dag i 1734 dett Ingeborg på isen, og der står Mikkel og hjelper henne opp. Ingeborg byrjar å drøyme om han om nettene, og tenkjer på han om dagane. Men det finst eit hinder mellom dei, ein farleg løyndom på garden oppunder fjellet. Ein løyndom som må bli avslørt, og som vil få alvorlege konsekvensar for alle involverte. Dette er ei spennande forteljing om ei norsk fjordbygd. Forteljing for ungdomstrinnet.

Inn i elden av Aina Basso


I frå 1620 og utover blei 80 "trollkvinner" dømde til døden på bålet i Finnmark. Denne forteljinga handlar om to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande tida i norsk historie. Her er to parallelle forteljingar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter til ei "klok kone" i Finnmark. 16 år gamle Dorothe blir gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene, får ein ei skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid både med parallellar og sterke kontrastar til vår eiga tid. Dette er ei historie om hekseprosessane i Finnmark som dramatisk bakteppe. Forteljing for ungdomstrinnet.